Program

Slåttekar i himmelsen liggende med tittel.jpg

 

Teatret Vårt: Slåttekar i himmelen
Last ned som iCal-fil

Dato: Søndag 06 september 2020
Tid: Kl. 19:00

Pris: 430/350
Sted: Parken kulturhus

Slåttekar i himmelen

Edvard Hoem si populære bok blir teater!

Teaterframsyninga er basert på den første romanen i serien som følgjer Nesje-slekta frå Rekneslia i Molde til prærien i Amerika. Ei forteljing som ikkje berre er ei skildring av forfedrane til Edvard Hoem, men også eit stykke norsk historie.

Nesje, eller slåttekaren som han blir kalla, er enkemann og har ein son å ta seg av. Han finn kjærleiken på ny med Serianna, ei kvinne som røyker pipe og får Nesje med på seifiske. Gjennom eit liv med hardt arbeid og store val, blir ungeflokken større. Kvardagen er eit slit for å skaffe familien eit verdig liv, som hos så mange småkårsfolk langs Romsdalsfjorden. Draumen om ein ny start gjer at mange vel å selje ut, bryte opp og setje kursen over til det lova landet i vest. Gjertine, søstera til Serianna, drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å kome brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim. 

Dei fire bøkene i slektskrønika Slåttekar i himmelen; Slåttekar i himmelen, Bror min på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd har hatt eit opplag på eventyrlege 330 000 bøker og vunne ein stor lesarskare. Bentein Baardson har regien på Slåttekar i himmelen, ei oppgåve han ser på som ei stor utfordring. – Eg gler meg og kjenner ærefrykt i møte med slåttekaren, seier regissøren.

Gavekort

Gi bort kulturopplevelser! Kjøp et eGavekort - det kan brukes til alle våre forestillinger.

Gavekortet skrives ut med en strekkode som scannes når kortet benyttes, og har en pinkode til bruk ved kjøp av ebillett.

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet vårt og vær først til å få med deg nyheter og kommende arrangementer.
Ålesund kommune

Billettkjøp

Kontakt

Parken kulturhus
Parkgata 3B
6003 Ålesund
70 16 24 68