Program

193357237-0301 Breaking Dad px.jpg

 

Fredrik Steen: Breaking Dad
Last ned som iCal-fil

Dato: Fredag 01 mars 2019
Tid: Kl. 19:30

Pris: 375
Sted: Arbeideren

Nokon vil hugse Fredrik Steen som den smått forskrudde Hildegunn Moltubakk som saman med Leif-Per fikk publikum til nær å tisse seg ut mellom stolradane på Arbeideren.

No  er han tilbake som firebarnsfaren som med høg pondus kan fortelle om logistikkutfordringar i heimen.
Særleg fordi han har barna med tre ulike kvinner.  Vi snakkar ny bolig, refinansiering, handtering av eigedomsmeklarar og nye naboar, ny kjærast og ikkje minst: ein ungeflokk i sterk vekst….

- Å lage eit solohow  er eit enormt press. Ein vil jo ikkje drite seg ut. Og ein skal opp dit aleine, seier Steen som har funne ut at nøkkelen er å ha mot til å booke kulturhusa. Så må man bare sette seg ned å skrive.

- Det er selvfølgelig dritskummelt, seier Steen og skildrar eit særleg godt samarbeid med regissør Tom Sterri.

- Når eg skal lage show, handler det heile tida om at eg må utfordre meg sjølv og by på meir enn det publikum forventar.  Forestillinga har ein dramaturgi og eit repertoar i karakterar som gjer showet til noko meir enn stand up, seier komikaren ubeskjedent.

Og Fredrik Steen har lov å skryte, om vi skal tru publikum sin dom:

«Rørande og originalt», «Leikent og nyskapande», «Genial framstillings- og observasjonsevne» er noko  av det publikum har sagt om showet.
Ei dame i Ulsteinvik sa det slik på Fredrik Steen si facebook -side etter premiera i Ulsteinvik:
"Ditte må dåkke få med dåkke.... OMG. 
Ditte var eit fantastisk show med deg Fredrik Steen,du har knekt koden,du er ein kunstnar,så nauta gode songstemme du har også.
Veldig bra framføring, vi storkoste oss frå start til slutt".

 

NB! SPELAR BÅDE FREDAG 1. MARS OG LAURDAG 2.MARS. PÅ ARBEIDEREN.

Gavekort

Gi bort kulturopplevelser! Kjøp et eGavekort - det kan brukes til alle våre forestillinger.

Gavekortet skrives ut med en strekkode som scannes når kortet benyttes, og har en pinkode til bruk ved kjøp av ebillett.

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet vårt og vær først til å få med deg nyheter og kommende arrangementer.
Ålesund kommune

Billettkjøp

Børsen

Lorkenesg. 2 (Arbeideren)

Åpningstid:
Mandag - fredag kl  09 - 15