Parken kulturhus

60-talet // Hits & slagere

I denne innhaldsrike showkonserten tek vi deg med tilbake til 60-talet. Korps band og vokalistar presenterer hits og slagarar frå heile tiåret, krydra med ein god dose humor. Her får du høyre alt frå søt popmusikk, til Beatles og Rolling Stones.

60-talet, Hits & slagere - Klikk for stort bilete

Her kjem hits & slagere som:
Twist and Shout, Itsy Bitsy Teenie, Crying in the rain, Oh, Pretty woman, I can’t get no satisfaction og mykje meir.

Dato
27. april 2024
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

 

60-Talet // hits & slagere
Bremanger Musikklag har hatt stor suksess med 60-talsprosjektet. I Ålesund har dei fått med seg Vigra og Valderøy ungdomsmusikk og Blindheim musikklag. Sjølvsagt er Terje Tafjord dirigent. Idar Torskangerpoll har arrangert det meste av musikken, for korps, vokal og band. Vokalistar frå venstre på biletet: Elisabeth Solbakken, Hilde Hauge, Trond Strand, Martin Igland, Monica Liset Hauge, Norvall Klungresæter. Bassgitar: Roger Igland, Tangent: Erlend Eidsvik

 

BREMANGER MUSIKKLAG
er eit korps som går utradisjonelle vegar. Musikklaget består av omlag 30 medlemmar i alderen 29 til over 70 år. Dei har hatt fleire liknande oppsetjingar med musikk frå blant anna ABBA, Elton John og «Frå Cash til Springsteen», og har hatt stor suksess med sine konsert-turnear rundt om i fylket. Fleire gonger har dei også fylt Grieghallen med sine show.

 

VIGRA OG VALDERØY UNGDOMSMUSIKK (VVUM)
Dirigent er Terje Tafjord.
Korpset har janitsjarbesetning og ca 25 medlemmar frå 15 år til over pensjonsalder. Valderøy Ungdomsmusikk vart starta i 1964 og slått saman med eit ”salongorkester” frå Vigra i 1969. Dei spelar variert musikk innan dei fleste musikksjangre. Jazz, swing, rock, populærmusikk m.m, og har lave skuldrar og godt humør på øvingane sine.

 

BLINDHEIM MUSIKKLAG – Eit sosialt voksenkorps i indre bydel i Ålesund.
Dirigent Roar Gangstad.
Korpset har janitsjarbesetning, og vel 30 aktive medlemmar. Musikklaget vart starta i 2008 og har som formål å ha ein sosial profil og fremme interesse for – og utøving av musikk. Laget skal også vere støtte for Blindheim Skolekorps.
 

Dørene åpner:

Foajeen, kl 17.00
Hovedsalen, ca kl 17.40